Setesdal Ullgris
 

Setesdal Ullgris er ei berekraftig bedrift:

-Ingen subsidar eller tilskot

-Ikkje foring med brød eller avfall

-Nyttiggjøring av kortreiste biprodukt frå lokale produksjonsbedrifter

-Dyre er gode på å få fram det gamle kulturlandskapet.

 

Me driv med gris av typen Mangalitsa, også kalt ullgris. Me har dyrevelferd i fokus og hos oss går alle grisane ute heile året, og har alltid tilgang til tørre liggeareal. Grisane har eit variert og kupert skogsbeite med store gjørmehol dei kan kjøle seg ned i sommarstid.

setesdal_ullgris_ikon.png
Dei beiter og grev i jorda heile dagen og får då i seg mykje røter, planter og urter. Alt kva skogen kan by på! I tillegg får dei kraftfor, kjernemelk, potet steikt i solsikke og avocadoolje (chips som er utsortert frå produksjonen før salting og krydring) og har fri tilgang på høy.
God dyrevelferd gjev fantastisk kjøt, det er vår filosofi. Ullgrisen er kjent for sitt svært marmorerte og velsmakande kjøt. Dyra er seintveksande og blir difor ikkje slakta før dei er 18-24 mnd.
 
Me er opptatt av at du som forbrukar skal få kjenne den gode smaken på kjøtet, difor er dei fleste av våre produkt naturell, slik at du sjølv kan krydre etter eige ønske. Me er så heldige å få bruke Roland Szolar i Rolis Kjøttkjeller til å foredle våre produkt. Han er ekspert på ullgris og det er heilt avgjørande for eit godt sluttprodukt.
 
Våre produkt er uten gluten, laktose, bindemiddel og nitritter og er av ypperste kvalitet.
 
Pylsene er rå og det er derfor viktig å tilberede dei rett så dei ikkje sprekk. Bruk svak varme i starten og så opp til middels. Pass på rotering slik at dei blir jamt steikte. Feittet som blir igjen i panna kan brukes i sausar og gryterettar og til å steike anna kjøt i. Eller som dei gjør i Ungarn: duppe skjeva i feittet i steikepanna, eller smøre det på.
 
Baconkrem og rosmarinkrem er godt å ha på skjeva, på flatbrødt, til spekemat mm. Rosmarinkrem kan og brukast til å steike i og set god smak på anna kjøt. Kan med fordel brukast i gryterettar og sauser for ein fyldigare smak. Her er det bare å prøve seg fram!
Bilde.jpg
Erik.jpg
Kontakt oss

-for smaken av dyrevelferd!